Åseral kommune
Åseral er ein kraft kommune og ligg i naturskjønne omgjevnadar i indre Agder. Åseral kommune har eit innbyggjartal på ca 900. Me er ein av Norges mest hytte–tette kommunar og me kan skilte med tre skianlegg og milevis av flotte turløyper, både sommar og vinter. Bygda har eit rikt kulturliv med Minne kultursenter som eit naturleg midtpunkt.
Hjelp som hjelper-tenesta i Åseral
Koordineringsteamet i Åseralshjelpa er samansett av psykisk helse og rus, skulehelsetenesta, habilitering og integrering. Åseralshjelpa samarbeidar tett med skule, barnehage, helsestasjon, barnevern, heimetenesta og Nav. Me får rettleiing av kommunepsykolog ved behov. Åseralshjelpa er eit lågterskel tilbod for alle som bur i kommunen - born, ungdom og vaksen.
Me er i hovudsak lokalisert på helsehuset, Gardsvegen 66, 4540 Åseral. Me kan nåes på telefon 418 80 482, som er open måndag til fredag mellom kl 09.00- 14.00.
Åseralshjelpa jobbar ut frå Hjelp som hjelper – prinsippa.
- Tilbodet skal vera lett tilgjengelege for alle.
- Hjelpa fokuserer på individets eigne opplevingar og ressursar, i tillegg til dei tilboda som er i lokalsamfunnet.
- Tilnærminga legg vekt på ein heilskapleg forståing av menneske.
Me har eit tverrfagleg koordineringsteam som vekentleg gjennomgår henvendingar som kjem inn til Åseralshjelpa. Dette bidreg til at me ser sakane meir heilskapleg, at me i større grad kan bidra med kompetanse og resursar på tvers av einingar.
Det er mogeleg å ringa eller sende sms, dersom du ringer eller sender sms skal kontakt opprettast innan neste verkedag. Du treng ikkje henvisning for å ta kontakt, alle skal få tilbod om ein samtale innan ei veke. Me er i ein prosess kor ein går vekk frå vedtak, og vil bruke meir tid på brukarane og det som er viktig for dei her og no. Brukare som har heimebaserte tenester får vedtak, dette er dei som fell under § 3-2, 6.ledd i helse- og omsorgstenesteloven.